Her er nokre bilder og litt fakta om min PV
Tenkte eg skulle gå forran med eit godt eksempel.....
i håp om at fleire medlemmar, vil presentere sine bilar også!!
Dette er altså min PV... ein 1962 modell 544 C.
Far min kjøpte bilen først, men etter at eg hadde lagt ned ganske mange timar på den opp gjennom åra, og far min såg at bilen trengte meir stell enn berre å kjøyrast med, så tok eg over PV,en då eg var sann ca. 17 år gamal
Etter at eg tok over, starta eg jobben med å gjere dei endringane som måtte til for å beholde skilta på bilen
Slik som:
-Overhalte bremsene
-Utbetra ein del rust
-Nye reflektora
-Nye dekk
-Flikka litt her og der, slik at ting skulle sjå litt beire ut
Etter at eg blei 18 og fekk lappen, brukte eg PV'en til daglig, men den fekk stå inne vinterstid!! PV,en gjekk som ei kule heilt fram til 2003..... då var der begynt å bli litt for mykje rust og slakk både her og der, til at bilen skulle klare å pasere nok ein EU kontrol
Dette har då balla på seg til å bli ei total restaurering
Du kan følge med på denne restaureringa påhttp://www.seasidecustom.com
Her er nokre bilder av gliset.....men der finst mange fleire på
heimesida










Følg med på http://www.seasidecustom.com











